Vi byrjer dagen kl 08.00 med flaggheis og ein god frokost i Kvamsvåg, arrangert av Ungdomslaget. Så starter vi morgonprosesjonen frå bedehuset og går nokre minutt derifrå til minnesmerket for falne under krigen. Der blir det holdt ein liten tale, det blir lagt ned blomster og korpset speler. Ferda går så vidare mot Alversund, korpset speler marsjar. Vi går til kyrkja der det så er gudsteneste.
Etter gudstenesta speler skulekorpet og musikklaget saman utanfor kyrkja og det blir holdt ein liten tale ved krigsminnesmerket der.
Deretter startar hovedprosesjonen som i år går rundt Tveiten; den kortaste av dei 3 faste rutene. Hovedprosesjonen ender på Alversund skule der det blir litt speling i gymsalen, taler for dagen, leiker for borna mm. Nytt i år er at musikklaget skal ha ein liten konsert på skuleplassen før vi er permittert til ca kl 15.45. Då stiller ein del av oss i Kvamsvåg og speler i gang bygdas 17.mai arrangement.
17. mai 2008
|